Tittel: De dødes tjern
Forfatter: Bernhard Borge (André Bjerke)
Sjanger: Kriminalroman
År: 1942

Av Geir Hermansen, 2004

Boka ”De dødes tjern” vart gjeve ut for fyrste gong i 1942, på Aschehoug forlag. Forfattaren er André Bjerke, som her skriv under sitt kriminal-pseudonym Bernhard Borge.

Boka tek føre seg historia om ein gruppe menneske som dreg opp i Østerdalen for å etterforske forsvinninga til ein nær ven. Denne venen hadde for nokre månader sidan kjøpt ei hytte i Svartskogen, i nærleiken av eit tjern; Blåtjern. Det kjem raskt fram at det herskar ein myte over denne staden. For lenge sidan drap ein viss Tore Gruvik systera si og elskaren hennar, og drukna seg deretter i tjernet. I følgje den lokale overtruen går Gruvik igjen på staden, og kvart år på datoen for sjølvmordet kan ein høyre dødsskriket hans ved tjernet. Det vert også sagt at tjernet har ein tiltrekkjande kraft, at det på ein måte lokkar framande til å drukne seg. Denne myten dannar grunnlaget for heile historia. Nokre av venene trur den forsvunne er vorte offer for Gruviks attergangar, mens andre meiner han vart myrda av ein gal mordar som vandrar rundt i skogane.

Hovudpersonen i boka er forteljaren. I motsetnad til dei andre venene – som er dypt usamde om kva som er hend – er han temmelig nøytral når det gjeld teoriar om forsvinninga. Hans føremål i forteljinga er fyrst og fremst å formidle kva som hender.

Ein annan viktig person er psykoanalytikaren Kai Bugge, som tek i bruk psykoanalyse for å løyse mysteriet. Han meiner bestemt det er ein psykologisk samanheng mellom Gruviks bestialske handling og denne forsvinninga.

Spenninga aukes ettersom venene vert offer for skogens trykkjande atmosfære. Det er liksom dette dystre området ikkje vil gje slipp på menneska som oppsøkjer det. Levende skildringar og originale samanlikningar gjer lesaren innsyn i skogens trugande stemning.